Gå til innhold

Korleis er det å ha så mange søsken som du har?

Tre barn i boblejakke i et baksete som ler og gjør grimaser

Elina Marie (8) sammen med sine to søsken.(Foto: Privat )

Det vanlegaste for norske barn er å ha eitt søsken. Men korleis er det å ha ingen, nokre eller mange?

Før var det vanlegare at familiar hadde tre, fire eller til og med fem barn. Men no er det nesten ingen som får så mange barn. I Noreg er det 627.342 barnefamiliar. I nesten alle desse familiane er det eitt eller to barn, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).

Men korleis er det å vakse opp slik? Aftenposten Junior har sjekka med ein gjeng tredjeklassingar ved Alversund skule utanfor Bergen.

Korleis er det for deg?

Anten du har null eller ti søsken, vil vi høyre frå deg! Send ditt svar til post@aftenpostenjunior.no.

En gutt med langt blondt hår sitter i en sofa med en hund

0 søsken: Oscar (8)

– Eg har ein kvalp.

Kva er det beste med å ha så mange søsken som du har?

– Det er gøy å ha mor og far for seg sjølv.

Kva er det verste?

– Eg veit ikkje. Eg har ein snill kvalp som nesten er som eit søsken. Kvalpen min heiter Mikkel, og han har varm, svart pels. Det verste er eigentleg at eg ikkje kan vere med Mikkel heile tida.

Kva slags adventskalender har du?

Ein nissekalender, kor eg får karamell, kjeks, Mentos og andre ting. Eg har også ein Haribo-kalender med vingummi.

To jenter med like collegegenser og shorts som poserer foran en foss

1 søsken: Kate (8)

– Eg har ei søster som er 11 år.

Kva er det beste med å ha så mange søsken som du har?

– Eg kan få ting og arve ting frå ho, og ho er ofte snill. Eg kan leike med ho.

Kva er det verste?

– Det som er det verste, er at ho tek ting frå meg, og at ho ropar så høgt! Og ho elskar å spele utan meg. Men ho er veldig snill.

Kva slags adventskalender har du?

– Eg har ein Sephora-kalender med sminke-ting. Eg har fått concealer, skin care, puf og blush. Eg brukar sminke når eg skal på fest.

Tre barn i boblejakker som smiler mellom flere juletrær til salgs

2 søsken: Elina Marie (8)

– Eg har ei storesøster (11) og ein veslebror (5). Det betyr at eg er dritten i midten.

Kva er det beste med å ha så mange søsken som du har?

– Det beste med storesøster er at eg kan bli med på sminking med ho. Det beste med veslebror er at han blir så imponert når eg viser noko veldig enkelt.

Kva er det verste?

– Vi kranglar VELDIG mykje. Broren min blir veldig sint når eg kjem så vidt borti teppe når han har laga seng til mamma i sofaen.

Kva slags adventskalender har du?

– Mamma lagar 24 gåver til kvar og ein av oss barna. Ho henger det opp på eit juletre av planke med lys på som det står ELINA, AMANDA og SONDRE på.

En jente med langt svart hår holder en katt i armene

3 søsken: Maham (8)

– Eg har tre søsken som er 13, 12 og 6 år.

Kva er det beste med å ha så mange søsken som du har?

– At eg kan leke med dei og snakke med dei. Eg likar når eg får velje kva slags lip-oil som storesøster skal ha.

Kva er det verste?

– Når vi kranglar. Når nokon er slem, lei seg eller ikkje snakkar med dei andre. Eller ein får kjeft.

Kva slags adventskalender har du?

– Eg har ein sminkekalender. I dag fekk eg ein rosa blush. Eg er den einaste i familien min som har adventskalender. Mamma kjøpte han til meg.

To gutter med like Puma-hettegensere står ved en vegg og smiler

4 søsken: Mathias (8)

– Eg har éin bror som er 10 år, og tre stesøsken som er over 20 år.

Kva er det beste med å ha så mange søsken som du har?

– Det er å spele kortspel saman. Vi likar å spele Idioten. Eg skulle ønske vi gjorde det oftare.

Kva er det verste?

– Eg kranglar bare med broren min, aldri med stesøsken. Eg kranglar med han om kven som er best i dataspel. Det er eigentleg han. Oftast er det eg som ikkje vil spele med han, då overtalar han meg til å spele ved å seie at han skal gjere sitt dårlegaste. Men når han ikkje gjer sitt beste, så gjer eg mitt beste og får veldig god aim. Då treffer eg veldig bra, og då gidd han ikkje å spele meir. Når vi kranglar, er det eg som blir sur og grinete på han. Av og til blir det slåsting.

Kva slags adventskalender har du?

– Hos mamma har eg ein Flax-kalender der eg kan vinne pengar. Hos pappa har eg ein godterikalender. I han er det mykje forskjellig godt, ikkje sjokolade. Denne veka fekk eg lakris, og det liker eg ikkje!

Skrevet av:
Kristin Storrusten
Først publisert:
Sist oppdatert:

Kanskje du også liker dette