Gratis buss i Sula og Ålesund
Flere elever ønsker seg gratis buss der de bor.(Foto: Illustrasjon: Andreas Brekke )
Dette er et leserinnlegg sendt inn til Aftenposten Junior skole og Salabys leserinnlegg-konkurranse. Meninger i teksten tilhører den som har skrevet teksten.
Til politikarane i Sula og Ålesund kommune
Eg synest Sula og Ålesund kommune burde få gratis buss.
Det vil gjere livet til mange meir sosialt, fordi dei kan ta buss for å møtast.
Vi hadde ein periode med gratis buss, og det fungerte kjempebra!
Både for vaksne og barn
Det vil vere bra for både vaksne og barn, sidan då kan vaksne ta buss til jobb utan å betale.
Då det var gratis buss, tok eg bussen kvar dag. Då kom eg på trening i tide, og eg fekk tid til å gjere leksene mine før trening. Nokon får ikkje tid til å gjere lekser fordi dei må gå heim frå skulen.
Gratis buss vil gjere kvardagen betre for mange!
Hilsen Caspian, Solevåg skule
- Skrevet av:
- Aftenposten Junior
- Først publisert:
- Sist oppdatert: