Gå til innhold

Dropp leksene!

Lite tid og mye lekser kan føre til konflikt.(Foto: Shutterstock/NTB )

Dette er et leserinnlegg sendt inn til Aftenposten Junior skole og Salabys leserinnlegg-konkurranse. Meninger i teksten tilhører den som har skrevet teksten.

Til politikarane i Sula kommune

Eg synest leksefri er ein veldig god ide.

I Finland, som er kjend for å ha eit av verdas beste skulesystem, har dei ingen lekser.

Stress og konflikt

Eg synest lekser går ut over fritida. Eg går på fotball, og ofte lager eg middag. Viss vi har mykje lekser, blir det lite tid til å rekke alt eg skal gjere.

Ofte er eg veldig sliten etter ein lang dag på skulen, og da er det litt irriterande å komme heim og måtte gjere enda meir skulearbeid.

Dessutan synest eg at heime burde vere leksefri sone. På same måte som at vi ikkje søv på skulen, burde vi heller ikkje ha skule heime.

Mange lekser blir ikkje gjort fordi foreldra jobbar, eller fordi foreldra ikkje skjønner leksene. Og om ein har mange søsken, og foreldra ikkje kan hjelpe alle samtidig, kan det oppstå konflikt.

Lekser til dei som treng det

For mange har lekser liten effekt, så det er dumt å bruke så mykje energi på det. Likevel kan lekser hjelpe dei som slit litt ekstra på skulen. Da kan for eksempel skulen lage ei ordning sånn at dei som vil, kan få ekstraark eller ha ei lekse i veka med matte, norsk og engelsk for å sjå kor dei ligg an.

Så lekser er kanskje ikkje den beste ideen. Derfor kan det vere lurt å prøve leksefri for å sjå kor mykje vi elevar eigentleg treng det.

Helsing Irene, Solevåg skule

Skrevet av:
Aftenposten Junior
Først publisert:
Sist oppdatert:

Kanskje du også liker dette